søndag 21. juni 2009

Hekla tunika


Omsider vart eg ferdig med dette prosjektet, det tok vel litt over eit år. Har vore eit tolmodsprosjekt. Jento mi vart strålande nøgd då den endeleg vart ferdig. Valgte å ha korte ermer istaden for lange. Mønsteret er frå sandneshefte nr 0706. Er hekla i mandarin petit på nål nr 3.5.

Pannebåndalong-juni


Månadens pannebånd
er strikka i silke alpakka frå DSA på pinne nr. 5. Dotter til vennina mi spurde så fint om ho kunne få det, og sjølvsagt kunne ho det.