Da har eg fullført luealongen 2008. Desemberlua var Flora. Eg har strikka den i Mirasol frå DSA på p nre 3,5.

Da har eg fullført luealongen 2008. Desemberlua var Flora. Eg har strikka den i Mirasol frå DSA på p nre 3,5.
Jento mi på 7 år hadde lånt bok på skulen om ting ein kunne lage sjølv. Deriblandt var det om maling og om primærfarger. Ho synes det var kjempekjekt å blande farger og storkoste seg lenge med å lage kunstverk. Det nederste biletet har ho bestemt at morfar skal få til jul, for han er så glad i å vera på sjøen.
Her er alle lappene eg har motteke til mitt vennskapsteppe. Har enda ikkje fått somla meg til å sy to lapper til meg sjølv.
Oppskrifta denne månaden var frå drops design. Eg har strikka det i dobbel tynn alpakka frå dsa på p nr 3.5.
I august valgte eg mønsteret Pretty Pretty Gloves.
Strikka dei i fritidsgarn på p nr 6. Dei liknar ikkje noko på orginalen:-)
Hadde igjen tenkt meg å hekle, og fann ut av mønsteret, men synes det gjekk for tregt. Valget vart difor Frk Badegakks kabelvanter. Dette mønsteret er likeins som det i pannebånd-alongen.
Har strikka dei i tynn alpakka frå DSA på p nr 3.5.