mandag 21. juli 2008

Pulsvarmer - juli


Mønster juli; Cherry Red Handwarmers, Twee, Basic Fingerless Mittens(hekla). Denne månaden kunne eg tenkt meg å hekla, men har aldri hekla etter engelsk mønster. Wims på hobbyboden var så snill å oversetje mønsteret til meg, men eg fekk ikkje heklefastheten til å stemme. Valget vart difor cherry red handwarmers, har strikka dei i smart.


Setesdaltunika



Denne har eg hatt ferdig ei stund no. Fekk ei kollega til å hekle rundt kantane for meg, viss ikkje hadde den nok blitt ein ufo. Synes den vart altfor vid, den vert nok liggjande i skapet.



Vennskapsteppe


No har eg snart fått alle mine lapper til vennskapsteppe. Denne har eg fått frå Rutha.


onsdag 9. juli 2008

Luealong - juli



Denne månaden var det tre flotte mønster å velje mellom. Cherry Blossom Beanie, Snowflake hat og Sheep and wool hat. Eg valgte å strikke snowflake hat, har strikka dei i Free Style frå Dalegarn. Eg synes fellingane vart litt for fremtredande, men ellers svært fornøyd med passformen. Den rosa på p nr 4.5 og den grøne på p nr 5. Det er jento mi på 6 1/2 år som har valgt fargene til seg sjølv og faren.

Vennskapsteppe



Nå er det ikkje mange lapper igjen før eg har fått alle lappene til vennskapsteppe. Denne har eg fått frå hobbyvenn.