onsdag 31. desember 2008

Luealong 2008




Da har eg fullført luealongen 2008. Desemberlua var Flora. Eg har strikka den i Mirasol frå DSA på p nre 3,5.



Lubber

Strikka i Viking Frøya på p nr 3.

Kalendervenn

Her er alle kalendergavene mine som eg har fått av Benedikte, tusen takk for flotte gaver. Ikkje så godt å sjå på biletet kva alt er, men det er bl.a lys, garn, stoff, servietter og kjekke ting til f.eks kortlaging el scrapbooking.


søndag 21. desember 2008

Rettstrikka spisslue


Dette er bursdagspresang til ei vennine av meg si jente. Den er strikka i fabel frå garnstudio.

Pannebåndalong



Eg har jo strikka calorimetry før, men valgte å gjera det enkelt for meg sjølv denne månaden for å slippe å bryne meg på nye mønster. Har strikka desse i garnet bris. Eit mjukt og godt garn som passar seg ypperleg til calorimetry, men ein må leggje opp mindre masker enn det står i oppskrifta.

Halsvarmer



Ruffled neckwarmer. Er strikka på p nr 5. Eg har brukt ein tråd tynn alpakka og ein tråd baby silk frå DSA.

Smettesjal





Har funne oppskrifta her. Eg har brukt tynn alpakka frå DSA på begge sjala, brukte p nr 3.5. Det gjekk litt i overkant av eit nøste på sjalet.

Kalendervenn

Eg har ikkje vore flink å oppdatert med kalendergavene mine. Har fått mykje variert; utstyr til kort/scrapbooking, nokre flotte stoff, garn, perler, ull, te, drops, sjokolade, servietter, lys. Det er lika spanande kvar dag og heldigvis ligg det nokre få pakker att i korga. Pakker er gøy:-)





lørdag 20. desember 2008

Pulsvarmeralong 2008



Då er eg ferdig med pulsvantene for desember. Valget denne gong fallt på presentmuddar.


Desse var eit enkelt og raskt prosjekt. Eg har strikka dei på p nr 3.5 og brukt alpakka frå ulike produsenter.

Dette har vore ein kjekk along å vera med på og eg har klart å gjennomføre alle 12 månadane.





torsdag 4. desember 2008

Kalendervenn


Kjempefint stoff idag:-)

onsdag 3. desember 2008

Kalendervenn





Tre ark klistremerker med julemotiv. Tusen takk kalendervenn.

tirsdag 2. desember 2008

Votter strikka sidelengs

Er strikka i fabel på p nr 3. Enkle votter å strikke, men synes tommelen kom for langt fram til å vera damestr, men jento ville ha dei. Oppskrifta finn du her.

Kalendervenn

Eg er så heldig:-) Eit nøste kitten mohair.



mandag 1. desember 2008

Adventskalender

Dette er jento sin adventskalender. Det er far min som har laga den. Han har kløpt ut figurar i filt og limt på striestoff.

I kalenderen hennar vil det vera ein del nytte pakker, slik som bl.a strømpebukser og votter.


Eg har også fått kalender i år, jippi. Det er jo så kjekt med pakker. Det er Benedikte på hobbyboden som har pakka inn 24 pakker til meg og eg har sendt til henne. 1. pakke svarer til forventningane, desse flotte arka vert nok brukt til kortlaging med god hjelp av jento mi:-)

søndag 30. november 2008

Pulsvarmer-november

Mohair mittens strikka i mirasol på p nr 3. Eg strikka nokre omg med ribb strikk fyrst, pga at med berre perlestrikkinga vart dei så vide. På mønsteret er det dobbel perlestrikk, men eg har strikka enkel, eg leste mønsteret litt for snart. Etter at eg hadde auka til tommel fellte eg av og strikka vidare rundt.

Calorimetry


Hadde eindel Bris liggjande som det vart fleire calorimetryer av. La opp 100-106 m på p nr 4. Dette er eit kjekt og raskt prosjekt.

torsdag 13. november 2008

Maleri av kunstjento mi





Jento mi på 7 år hadde lånt bok på skulen om ting ein kunne lage sjølv. Deriblandt var det om maling og om primærfarger. Ho synes det var kjempekjekt å blande farger og storkoste seg lenge med å lage kunstverk. Det nederste biletet har ho bestemt at morfar skal få til jul, for han er så glad i å vera på sjøen.

Star Crossed Slouchy Beret


Mønsteret finn du her øverst til venstre på sida. Har strikka den med ein tråd mirasol og ein tråd tynn alpakka frå DSA. Brukte p nr 6 og 7. Eg treng nok litt meir trening med fletting, har ein tendens til å få det laust i overgangen frå hjelpepinnen.

The woven headband


Denne månadens oppskrift i pannebånd alongen fallt i smak hjå meg. Fasongen på pannebåndet kjem ikkje fram her på biletet.Men både fasongen og mønsteret på pannebåndet kan brukast til både jente og gut. Eg har brukt garnet og pinnestr som vart anbefalt i oppskrifta.
Her kan du lese meir om alongen, kanskje du vert frista til å melde deg på:-)

onsdag 29. oktober 2008

Prosjekta frå i går kveld

Rettstrikka spisslue



Er strikka LØVE Baby-& hosegarn. Rask og kjekk lue å strikke, sjølv om den vart liggjande ei stund før eg fekk den ferdig:-) Manglar framleis snor og dusk.

Baby-jakke frå drops-design

Babyjakka strikka i fabel. Dette er ei jakke som eg har strikka fleire av. Kjekkt med noko som det er lite monteringsarbeid på. Mønsteret finn du her.

Lubber i perfeckt




Har tenkt å strikke nokre lubber i julegåver i år. Dette er dei to fyrste para, men har tenkt å strikke minst to par til. Desse er strikka i perfeckt frå sandnes, eit garn som eg synes er supert til lubber.

tirsdag 28. oktober 2008

Arbeidsoppgåver for kvelden


Har så lyst å byrje på noko nytt arbeid, men anar ikkje kva. Så i kveld skal eg vera fornuftig og gjera ferdig noko som har blitt liggjande.

Tenkte eg skulle fått sydd ermene og strikka rundt halsen på babyjakka, få strikka halsen til lua og så har eg eit par lubber som eg må feste trådene på.


mandag 27. oktober 2008

Kjole med rund sal





Denne kunne lett blitt ein ufo, men klarte heldigvis å gjere den ferdig. Mønsteret er henta frå smart til barn, hefte nr 0807 frå sandnesgarn. Har strikka den i garnet perfeckt. Jento mi vart no fornøyd, men ho lurte svært på kva tid eg vert ferdig med hekla tunikaen som eg byrja på før sommarferien. bør vel snart finne den fram att, manglar jo berre ermene.

søndag 19. oktober 2008

Alonger i oktober










Eg har brukt dobbel tynn alpakka frå DSA, på pinne nr. 5 og 4 1/2. Den er strikka frå toppen og ned, litt knotete å strikke med 4 pinner med så få masker, men fekk det no til på eit vis:-)


Pannebånd med stjernemasker strikka i smart.

Knitter`s almanac


Bestillte elizabeth Zimmerman`s bok Knitter`s almanac sidan eg ville ha oppskrifta på Baby Suprise Jacket. På hobbyboden var det ei som viste bilete av heil dress til baby, som er strikka med utgangspunkt fra baby suprise jacket. Her finn ein oppskrifta på forlenginga. Men det var jo sjølvsagt ikkje i denne boka jakka var i. Boka kan i utgangspunktet verke kjedeleg, men når eg fekk studert den litt så var det nokre prosjekter der som eg vil prøve meg på. Deriblandt Mitered Mittens som fleire på hobbyboden har strikka.


mandag 22. september 2008

Vennskapsteppe


Her er alle lappene eg har motteke til mitt vennskapsteppe. Har enda ikkje fått somla meg til å sy to lapper til meg sjølv.

søndag 21. september 2008

Fleire septemberluer

Septemberlua var enkel og kjapp å strikke, så det har blitt fleire av dei. Desse har eg strikka i juvel og falk.


lørdag 13. september 2008

Pannebånd along


Torilh på hobbyboden har starta denne alongen, som var oppstart no i september. Ho sender ut oppskriftene på mail til dei som er påmeldt. Du kan lese meir om det her.

Oppskrifta denne månaden var frå drops design. Eg har strikka det i dobbel tynn alpakka frå dsa på p nr 3.5.

torsdag 11. september 2008

Vennskapsteppe


Denne har eg fått av petrine. No gjenstår det berre å sy to lapper til meg sjølv før eg kan byrje med monteringa.

Pulsvarmer-along


I august valgte eg mønsteret Pretty Pretty Gloves.

Strikka dei i fritidsgarn på p nr 6. Dei liknar ikkje noko på orginalen:-)

Hadde igjen tenkt meg å hekle, og fann ut av mønsteret, men synes det gjekk for tregt. Valget vart difor Frk Badegakks kabelvanter. Dette mønsteret er likeins som det i pannebånd-alongen.

Har strikka dei i tynn alpakka frå DSA på p nr 3.5.