onsdag 29. oktober 2008

Prosjekta frå i går kveld

Rettstrikka spisslue



Er strikka LØVE Baby-& hosegarn. Rask og kjekk lue å strikke, sjølv om den vart liggjande ei stund før eg fekk den ferdig:-) Manglar framleis snor og dusk.

Baby-jakke frå drops-design

Babyjakka strikka i fabel. Dette er ei jakke som eg har strikka fleire av. Kjekkt med noko som det er lite monteringsarbeid på. Mønsteret finn du her.

Lubber i perfeckt




Har tenkt å strikke nokre lubber i julegåver i år. Dette er dei to fyrste para, men har tenkt å strikke minst to par til. Desse er strikka i perfeckt frå sandnes, eit garn som eg synes er supert til lubber.

tirsdag 28. oktober 2008

Arbeidsoppgåver for kvelden


Har så lyst å byrje på noko nytt arbeid, men anar ikkje kva. Så i kveld skal eg vera fornuftig og gjera ferdig noko som har blitt liggjande.

Tenkte eg skulle fått sydd ermene og strikka rundt halsen på babyjakka, få strikka halsen til lua og så har eg eit par lubber som eg må feste trådene på.


mandag 27. oktober 2008

Kjole med rund sal





Denne kunne lett blitt ein ufo, men klarte heldigvis å gjere den ferdig. Mønsteret er henta frå smart til barn, hefte nr 0807 frå sandnesgarn. Har strikka den i garnet perfeckt. Jento mi vart no fornøyd, men ho lurte svært på kva tid eg vert ferdig med hekla tunikaen som eg byrja på før sommarferien. bør vel snart finne den fram att, manglar jo berre ermene.

søndag 19. oktober 2008

Alonger i oktober










Eg har brukt dobbel tynn alpakka frå DSA, på pinne nr. 5 og 4 1/2. Den er strikka frå toppen og ned, litt knotete å strikke med 4 pinner med så få masker, men fekk det no til på eit vis:-)


Pannebånd med stjernemasker strikka i smart.

Knitter`s almanac


Bestillte elizabeth Zimmerman`s bok Knitter`s almanac sidan eg ville ha oppskrifta på Baby Suprise Jacket. På hobbyboden var det ei som viste bilete av heil dress til baby, som er strikka med utgangspunkt fra baby suprise jacket. Her finn ein oppskrifta på forlenginga. Men det var jo sjølvsagt ikkje i denne boka jakka var i. Boka kan i utgangspunktet verke kjedeleg, men når eg fekk studert den litt så var det nokre prosjekter der som eg vil prøve meg på. Deriblandt Mitered Mittens som fleire på hobbyboden har strikka.