fredag 29. februar 2008

Eit år i farger






Fargen for februar var brun/beige.


Dette er sjalet er mitt bidrag.

Lommetøfler

Vart 3 par med lommetøfler i februar. Kjekke å gje i venninepresanger.

Luealong februar



Tok litt tid før eg skjøna mønsteret, men dette var ei kjekk lue å strikke. Den grå er strikka i mor aase og den grøne er strikka i østlandsgarn. Min kollega likte den grøne og sidan ho nett har hatt rund dag fekk ho den i presang.

tirsdag 26. februar 2008

Nåleputer











Vart omsider ferdig med to nåleputer. Dei som evt får desse får leggje i trådsneller sjølv:-)



Slik vert nåleputa når tråden er lagt i.

Lue og sjal i tynn alpakka



Oppskrifta på lua er frå Du store alpakka(PS2308).

Rillestrikk med fleire farger gjev ein fin effekt.






Vart innspirert av ei kollega og sidan eg hadde meir garn igjen av kontrastfargene strikka eg dette sjalet. Dvs at garnmengda er i underkant av 2 nøster tynn alpakka. Enkelt å strikke. Er strikka i glattstrikk, men kan sjølvsagt strikkast i rillestrikk.

Legg opp 3 m
Første m på pinnen tas laust av.
Auk 1 m innanfor første kantmaske og strikk p ut.
Strikk tilbake uten auking.
Aukinga gjentas på same side kvar gong.
Når ein har 100 m, byrjer fellinga.
Fell ved å str 2 m saman innanfor første kantmaske.
Fellinga tas på same side som aukinga.
Fell til ein har tre m att og fell av dei siste m.

Kor stort ein ønskjer sjalet avgjer ein sjølv ved antal masker ein auker til.

Pulsvarmeralong februar



Denne månaden valgte eg den norske oppskriften. Valgte svært enkel brodering. Strikka i mirasol. På biletet ser det ut som dei er grøne, men fargen er turkis. Dei passa utmerka til jento på 6 år, og ho vart kjempeglad.