mandag 31. mars 2008

Lubber



Garnet perfeckt frå Sandnesgarn er min favoritt til lubber. Berre så synd at det ikkje er så mange fargealternativer.

Lake Park Hat



Likte så godt mønsteret i luealongen for februar. Østlandsgarn er heilt suverent til denne lua.

Mars - Gul



Fargen for mars var gul. Hadde ikkje noko gult prosjekt denne månaden, men hadde dette hjertet liggjande som eg sydde ei ramme rundt. Men lappen manglar framleis vatt og quilting. Hjertet vart applikert for fleire år sidan til eit hjerteteppe som aldri vart montert.

Pulsvarmeralong



Eg strikka fyrst Smockies, desse vart liggjande på vent for å sy i perler, kom aldri så langt. Difor vert dei brukt på "vranga". Deretter strikka eg det engelske mønsteret Glacial Gauntlets of the Wolf.

Begge para er strikka i tynn alpakka.

lørdag 29. mars 2008

Fargerik lue



Lua vart svært liten, så jento vart litt skuffa over at ikkje ho kunne ha den. Men det var kjekt å strikke med litt farger, så eg får lage ei ny til henne.

Den er strikka i Falk, og mønsteret er i eit dalehefte frå 2004.

fredag 28. mars 2008

Calorimetry



Hurtig og kjekt prosjekt, vert nok produsert fleire calorimetryer:-) Dette er strikka i smart.

Mønsteret finn ein her og er blitt oversatt til norsk av LindaN.

Løpar



Dette er ein ufo som eg har hatt liggjande i lengre tid, berre lukkekanten som mangla. Egentleg ein ganske så kjapp løpar å sy. For nokre år sidan sydde eg eindel slike som vart gitt bort i julepresanger.

Teknikken er lik den som var beskrive i quiltemagasinet nr1/08.

tirsdag 18. mars 2008

Mars-lua



Denne månaden fekk ein to mønster å velje mellom. Hand Made Hat, som eg har strikka i Free style (Dalegarn). Den andre lua var Robin`s Egg Blue Hat , den har eg kjøpt garn til, men ikkje fått byrja på. Ikkje heilt sikkert om eg kjem til å strikke den pga så mange andre prosjekt som venter.

torsdag 13. mars 2008

Vennskapsteppe



Lille Rosinhobbyboden har teke initiativ til å starte ein along der ein syr vennskapsteppe. Er 9 på kvart lag, og kvar månad må ein sy og sende ein lapp til to på laget ditt. Den 9. lappen syr ein sjølv.



Februar fekk eg desse lappene:




Desse er sydd av Marit Irene og Britita