onsdag 30. april 2008

Hekla tunika


Jento mi lurte på kva tid eg skulle lage noko til henne. Ho var med meg i garnbutikken og då såg ho denne. Og det var denne ho skulle ha, ikkje snakk om anna. Garn innkjøpt(mandarin petit) og ho lurar svært på kva tid den vert ferdig.
Mønsteret er å finne i hefte nr 0706 barn/voksne frå sandnesgarn.

Oppvaskklut


På hobbyboden er det fleire som har skrytt over strikka kluter og at dei ikkje brukar andre enn dei. Så no har eg strikka min fyrste oppvaskklut:-) Har strikka den i dobbel patentstrikk. Noko som eg aldri har strikka før. Det er vibbedille på hobbyboden som har vore så snill og delt oppskrifta.


Vennskapsteppe


Sjå så heldig eg er:-) To lapper frå AnniP
Denne har eg fått frå Toja:-)

Pulsvanter

Når eg meldte meg på denne alongen hadde eg som mål å følgje opp kvar månad. Kvir meg framleis litt til engelske mønster, tenkte fyrst eg skulle velje det norske mønsteret men fann ut det ville ta for lang tid ift til alle dei andre prosjekta eg har liggjande. Valgets kval skal eg skippe april-vantene og byrje med frisk mot i mai, men NEI. Målet mitt var jo å vera med alle mnd. Så med frisk mot byrja eg med det engelske mønsteret, og jaggu det var kjappt gjordt. Unnagjordt på nokre få f.m timar:-)



Desse er strikka i easy på p nr 8.

tirsdag 15. april 2008

Maskemarkører


Trengte fleire maskemarkører og jento mi var så snill og lagde nokon til meg:-)

På pinnene nå og snart på pinnene...

Setesdalsblonde



Skal byrje på armfellinga og er kome litt på veg på armane. Strikker den i falk. Mønsteret finn ein i Dale hefte nr. 166

Tunika i farytale




Mønsteret finn ein i Maskerader nr. 2 Frå Du store Alpakka. Eg strikker den i fargenr. 706. På denne har eg kome til omg med knuter.



Setesdalstunika



Mønsteret på denne finn ein i Dalehefte nr. 196.



Tradisjon-tunika






Mønsteret stod i bladet Familien nr 7/08, mønsteret er også i heftet Rauma design 081R.





Elizabeth I


Celie på hobbyboden tok initiativ til å starte along til denne nydelige genseren. Mønsteret er på engelsk, så denne blir ein utfordring.

mandag 14. april 2008

Vennskapsteppe


Mars-lapper frå Rutha og Sirenen2000. Og den turkise er april-lapp frå Lillesnuppa.




søndag 13. april 2008

April-lua


Eg har strikka den i dobbel mirasol. Her finn du møsnteret for Short-rows wavy hat. Designeren av lua har nevnt luealongen i bloggen sin.