mandag 7. desember 2009

Kertu og litt meir

Heilt vanlege raggsokker i garnet labbetuss frå europris. Pinne nr. 3 Lua var opprinnelig meint som pannebånd, men eg synes det vart for bredt og var ikkje noko fint på. Resultatet vart difor ei lue. Eg brukte fellingane til turn a square lua. Strikka i garnet smart





Oppskrifta er i frå Sandnes garn. Det skulle egentleg vera hekla rader på framstykket, men pga at eg hadde feil maskeantal så passa det ikkje inn. Hekla picoter rundt halsen.



Etter at eg fann oppskrifta på Kertu-sokkane vart det jo kjekkt å strikke sokker. 6 par er blitt ferdige og fleire er på pinnene. Dei er strikka på pinne nr. 3 og i garnet perfeckt som er mitt favorittgarn når det gjeld sokker.