søndag 30. november 2008

Pulsvarmer-november

Mohair mittens strikka i mirasol på p nr 3. Eg strikka nokre omg med ribb strikk fyrst, pga at med berre perlestrikkinga vart dei så vide. På mønsteret er det dobbel perlestrikk, men eg har strikka enkel, eg leste mønsteret litt for snart. Etter at eg hadde auka til tommel fellte eg av og strikka vidare rundt.

Calorimetry


Hadde eindel Bris liggjande som det vart fleire calorimetryer av. La opp 100-106 m på p nr 4. Dette er eit kjekt og raskt prosjekt.

torsdag 13. november 2008

Maleri av kunstjento mi





Jento mi på 7 år hadde lånt bok på skulen om ting ein kunne lage sjølv. Deriblandt var det om maling og om primærfarger. Ho synes det var kjempekjekt å blande farger og storkoste seg lenge med å lage kunstverk. Det nederste biletet har ho bestemt at morfar skal få til jul, for han er så glad i å vera på sjøen.

Star Crossed Slouchy Beret


Mønsteret finn du her øverst til venstre på sida. Har strikka den med ein tråd mirasol og ein tråd tynn alpakka frå DSA. Brukte p nr 6 og 7. Eg treng nok litt meir trening med fletting, har ein tendens til å få det laust i overgangen frå hjelpepinnen.

The woven headband


Denne månadens oppskrift i pannebånd alongen fallt i smak hjå meg. Fasongen på pannebåndet kjem ikkje fram her på biletet.Men både fasongen og mønsteret på pannebåndet kan brukast til både jente og gut. Eg har brukt garnet og pinnestr som vart anbefalt i oppskrifta.
Her kan du lese meir om alongen, kanskje du vert frista til å melde deg på:-)