fredag 27. februar 2009

The Boy Hat



Mønster. The Boy Hat
Garn: Malabrigo (merino ull)
Pinne nr: 4,5 mm

Denne oppskrifta vert lagra blandt favoritter. Enkelt mønster og synes fellinga vart fin. synes ikkje heilt garnet eg brukte passa så godt, kjem nok sjølvsagt litt an på pinnestrørrelsen eg brukte. synes lua vart for laus i passformen. Med eit anna type garn trur eg nok at lua ville blitt suveren.

Hals/skjerf along februar



Mønster: Pudorosa (ordet pudora betyr ydmyk/blyg)
Garn: Tynn alpakka frå DSA
Pinne nr: 3 mm

Eg laga færre knappehol (kunne godt ha laga enda mindre), enn det som var i oppskrifta. Sjølv om dette er eit lite prosjekt vart det alikavel langdrygt for meg. Om eg kjem til å strikke fleire slike er nok tvilsomt, då kjem eg i såfall til å strikke rundt og ikkje ha knapper.

lørdag 21. februar 2009

Pulsvanter

Mønster: Mitt eige
Pinne nr. 3.5
Garn: Smart

Har for fyrste gong strikka utan mønster. Ganske stolt, passformen er bra, men ser eg kanskje må endre litt på oppskrifta med tommelkilen.

Har vore på bloggbesøk

Trojas interesseblogg er vel verdt å besøke. Hyggeleg lesning og fine turbileter. Ho har også utlodning nå på fine strikkepinne/heklenål- etuier

Stripey


Mønster: Stripey (Ravelry link)
Pinne nr: 3.5
Garn: Sildre frå Gjestal

Eg burde ha strikka den noko lengre før eg byrja på fellinga, den vart litt kort, men vart passe i omkrets etter blokking.


mandag 9. februar 2009

Ellis dress


Garn: Sandnes alpakka
Pinner: 3.5 mm
Mønsteret kan du finne her.

torsdag 5. februar 2009

Nattsokker


Garn: Sandnes alpakka
Pinner: 3.5

Fekk låne eit gamalt oppskriftshefte frå ei kollega. Norsk Ukeblad 1955. Fann to prosjekt frå heftet som eg ville lage. Deriblandt nattsokkene. Same dagen som eg såg igjennom heftet hamna eg innom bloggen til Akvarella, som også har også laga desse.

Det fyrste paret følgte eg oppskrifta med holrad, men dei vart litt korte i leggen, difor strikka eg det andre paret lengre og droppa holraden.
Kjempegod passform og eit raskt prosjekt.

Pannebåndalong - februar

Eg har strikka månadens pannebånd i dobbel tynn alpakka frå garnstudio. Kjappt og greit prosjekt med enkel fletting.

Hemmelig (u)venn


Eg har fått garnpakke frå ei medstrikker ved kysten på Østlandet. Eg anar ikkje kven det kan vera, men eg veit jo at ho er medlem på hobbyboden. Tek gjerne imot hint om kven det kan vera.
Begrunninga for at ho sendte dette garnet er at det er rester frå påbyrja prosjekt og at det hadde samla støv lenge nok. Synes ikkje garnet er så ille og det orange kitten mohair garnet var jo knall.