lørdag 24. januar 2009

Er i skjerf/hals modus

I kveld har eg prøvd meg litt på PSP. Hadde vore veldig kjekkt å kunne meir om bilderedigering på dataen. Slik vart resultatet av bileta etter ei stund knoting.


Thermis strikka i ONline 6-tråds sokkegarn. Er einig med nokre på hobbyboden at den vart litt smal nederst.
Wham, bam, thank you lamb. Har brukt dobbel alpakka frå sandnes på p.nr 6. Eg la opp 32 m og strikka ca 38 cm før eg fellte av.
Sjal til jento mi. Her har eg også brukt alpakka frå sandnes. Har teke utganspunkt i eit gamalt mønsterhefte frå mamsell.

Calorimetry


Strikka i dobbel sisu og det svarte i babysilk frå dsa.

fredag 23. januar 2009

Alonger 2009

Hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å vera med på nokre alonger dette året. Men klarte ikkje å vera standhaftig nok, så eg fortsetjer i pannebåndalongen og vart med i hals/skjerf alongen som Torilh på hobbyboden har starta.



Pannebåndet for januar har eg strikka med ein tråd babysilk og ein tråd tynn alpakka frå DSA. Vennina mi som er modell på biletet har allerde teke det i bruk.



Det er Torilh som har laga oppskrifta på skjerfet for januar. Eg har strikka mitt i garnet ONline 6-tråds sokkegarn. Det gjekk med eit nøste 150 g.
Her kan du lesa meir om alongen.



Denne hyggelege utmerkinga fekk eg av Torilh. Tusen takk. Eg vil gje den vidare til torillb og Lille Rosin