onsdag 18. mars 2009

Klukka


For godt å vel eit år sidan vart det starta klukka-along på hobbyboden. Etter å ha sett alle dei flotte resultata vart eg frista til å lage denne. Dette har vore det store februarprosjektet mitt. Mønsteret og garn er kjøpt hjå Birgirsdottir. Kjempegod service med rask levering.

søndag 8. mars 2009

Hals/skjerf-along mars


Månadens mønster kunne ein bruke lengre tid på, men sidan dei andre alongane på hobbyboden hadde ugler som tema, kunne ein strikke hals/skjerf med ugler om ein hadde mønster evt designe eit sjølv.
Synnøve var raskt ute med å lage eit mønster på uglehals og har vore så snill å dele. Tusen takk. Dette er mitt bidrag for mars. Halsen har god passform. Er strikka med dobbel tråd alpakka frå Sandnes på pinne nr. 7

Owl-calometry (pannebåndalongen mars)



Har strikka med dobbel tynn alpakka frå DSA på p nr 4, og med on-linne 6-tråd på p nr 3.5.
Det kunne godt vore færre masker mellom uglene.

Varme på hovudet


Dårlege bileter, lyt ønskje meg eit fotoapparat. Har i lengre tid brukt mobiltelefonen min når eg tek bileter, men no ser det ut som den ikkje tek skarpe bileter lenger.
Men det er altså bilete av The Boy Hat strikka i Smart, pannebånd i dobbel tynn alpakka frå DSA og ein calorimetry strikka i tynn alpakka frå DSA.