Hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å vera med på nokre alonger dette året. Men klarte ikkje å vera standhaftig nok, så eg fortsetjer i pannebåndalongen og vart med i hals/skjerf alongen som Torilh på hobbyboden har starta.

Pannebåndet for januar har eg strikka med ein tråd babysilk og ein tråd tynn alpakka frå DSA. Vennina mi som er modell på biletet har allerde teke det i bruk.


Det er
Torilh som har laga oppskrifta på skjerfet for januar. Eg har strikka mitt i garnet ONline 6-tråds sokkegarn. Det gjekk med eit nøste 150 g.
Her kan du lesa meir om alongen.


Denne hyggelege utmerkinga fekk eg av Torilh. Tusen takk. Eg vil gje den vidare til
torillb og
Lille Rosin