mandag 9. februar 2009

Ellis dress


Garn: Sandnes alpakka
Pinner: 3.5 mm
Mønsteret kan du finne her.

torsdag 5. februar 2009

Nattsokker


Garn: Sandnes alpakka
Pinner: 3.5

Fekk låne eit gamalt oppskriftshefte frå ei kollega. Norsk Ukeblad 1955. Fann to prosjekt frå heftet som eg ville lage. Deriblandt nattsokkene. Same dagen som eg såg igjennom heftet hamna eg innom bloggen til Akvarella, som også har også laga desse.

Det fyrste paret følgte eg oppskrifta med holrad, men dei vart litt korte i leggen, difor strikka eg det andre paret lengre og droppa holraden.
Kjempegod passform og eit raskt prosjekt.

Pannebåndalong - februar

Eg har strikka månadens pannebånd i dobbel tynn alpakka frå garnstudio. Kjappt og greit prosjekt med enkel fletting.

Hemmelig (u)venn


Eg har fått garnpakke frå ei medstrikker ved kysten på Østlandet. Eg anar ikkje kven det kan vera, men eg veit jo at ho er medlem på hobbyboden. Tek gjerne imot hint om kven det kan vera.
Begrunninga for at ho sendte dette garnet er at det er rester frå påbyrja prosjekt og at det hadde samla støv lenge nok. Synes ikkje garnet er så ille og det orange kitten mohair garnet var jo knall.

lørdag 24. januar 2009

Er i skjerf/hals modus

I kveld har eg prøvd meg litt på PSP. Hadde vore veldig kjekkt å kunne meir om bilderedigering på dataen. Slik vart resultatet av bileta etter ei stund knoting.


Thermis strikka i ONline 6-tråds sokkegarn. Er einig med nokre på hobbyboden at den vart litt smal nederst.
Wham, bam, thank you lamb. Har brukt dobbel alpakka frå sandnes på p.nr 6. Eg la opp 32 m og strikka ca 38 cm før eg fellte av.
Sjal til jento mi. Her har eg også brukt alpakka frå sandnes. Har teke utganspunkt i eit gamalt mønsterhefte frå mamsell.

Calorimetry


Strikka i dobbel sisu og det svarte i babysilk frå dsa.

fredag 23. januar 2009

Alonger 2009

Hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å vera med på nokre alonger dette året. Men klarte ikkje å vera standhaftig nok, så eg fortsetjer i pannebåndalongen og vart med i hals/skjerf alongen som Torilh på hobbyboden har starta.



Pannebåndet for januar har eg strikka med ein tråd babysilk og ein tråd tynn alpakka frå DSA. Vennina mi som er modell på biletet har allerde teke det i bruk.



Det er Torilh som har laga oppskrifta på skjerfet for januar. Eg har strikka mitt i garnet ONline 6-tråds sokkegarn. Det gjekk med eit nøste 150 g.
Her kan du lesa meir om alongen.



Denne hyggelege utmerkinga fekk eg av Torilh. Tusen takk. Eg vil gje den vidare til torillb og Lille Rosin